mini|Aktinfilament i fibroblastceller mini|Aktinfilament i raudt, mikrotubuli i grønt og cellekjernar i blått. mini|Celler bunde samen av desmosomar, forbunde til intermediære filament inne i kvar celle. Celleskjelett eller cytoskjelett er eit cellulært skjelett eller stillas som finst i cytoplasmaen til ei celle. Det finst i alle eukaryote celler og i nokre prokaryote celler.
Det eukaryote celleskjelettet består primært av tre typar fiber:
Aktinfilament (mikrofilament), ein dobbeltstrenga polymer fiber med ein diameter på 5-9 nanometer, bygd opp av aktin. Det finst aktinfilament i heile cella, men konsentrasjonen er størst like ved cellemembranen. Dei kan vera forankra av kadherin til zonula adherens. Mikrotubulus er ein sylindrisk og hol fiber bygd opp av tubulin. Mikrotubuli har ein diameter på 25 nanometer, og er normalt forbunde til eit sentrosom i den eine enden. Intermediære filament, trådaktige fibrar med diameter på 10 nanometer, bygd opp av intermediært filamentprotein. Vise intermediære filament er forbunde til desmosom og hemidesmosom.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cytoskelet» frå , den 12. januar 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Cellebiologi