mini|Wang Beixing i 2007.

Wang Beixing () er ein kinesisk tidlegare skeiseløpar frå Harbin. Ho vart i 2009 verdsmeister i sprint-firkamp.

Wang kom på andreplass på 500 meter i VM enkeltdistansar 2005. Ho deltok i Vinter-OL i 2006 i Torino og fekk som best ein sjuandeplass på 500 meter. I VM enkeltdistansar 2008 i Nagano vart ho nummer to på 2 × 500 m bakom tyske Jenny Wolf. I januar 2009 sigra Wang då Skeise-VM 2009 i sprint-firkamp vart avvikla i Moskva, nemnde Wolf vart nummer to. Seinare i sesongen tok Wang ein ny sølvmedalje på 500 m i VM enkeltdistansar.

Under dei olympiske leikane i Vancouver i 2010 gjekk ho i mål til bronsemedalje på 500 meter. Ein medalje av sam valør fekk etter 500 m i VM enkeltdistansar 2011. To år seinare vart ho i Sotsji sølvmedaljør på 500 m i VM enkeltdistansar 2013.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wang Beixing» frå , den 16. mars 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kinesiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kina Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014