Roald Morel Larsen () var ein norsk skøyteløpar og glasmakar frå Oslo. Han vart i 1924 europameister og verdsmeister i lengdeløp.

Larsen vart andremann i Skeise-VM 1922 på heimebana Frogner stadion. Året etter vart han nummer 3 i europameisterskapen på Hamar og nummer 4 i verdsmeisterskapen i Stockholm. I slutten av januar 1924 vann han sølvmedaljar på 1500 m og i firkamp under vinterleikane i Chamonix, der han også fekk med seg bronsemedaljar i dei tre andre distanseløpa: 500 m, 5 000 m og 10 000 m. Tre veker seinare lukkast han vise den finske storløparen Clas Thunberg til andreplassen då EM 1924 vart avvikla på Frogner stadion. Fyrste helga i mars sigra Larsen også i VM 1924 i Helsinki.

I 1925 tok Larsen sølv i EM og bronse i VM. Februar 1926 vart han andremann i skeise-VM i Trondheim, ei tevling som Ivar Ballangrud vann og der 14 av dei 16 deltakarane var norske. Vinteren 1928 kom Larsen på bronseplassen ved europameisterskapen på Frogner i Oslo, før han under Vinter-OL 1928 i St. Moritz kom på delt tredjeplass på 500 meter. I januar 1929 vann han ein ny EM-bronse, då han i Davos atter måtte sjå Ballangrud og Thunberg føre seg på samanlagtlista.

Larsen var aktiv internasjonalt til 1930. Han var medlem i Oslo Skøiteklubb.

Roald Larsen var son til ein glasmakar. Han byrja sjølv i dette faget, grunnla 1937 glasmakarfirmaet Roald Larsen AS i Oslo og dreiv dette til han døydde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Roald Larsen» frå , den 17. mars 2026.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1924 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1924 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1924 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1928 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Folk frå Oslo