mini|Bubble and squeak i ei steikepanne. Bubble and squeak (nokre gonger berre bubble, i nokre delar av landet kjent som bubble and scrape eller fry up) er ein tradisjonell engelsk matrett laga av steikte grønsakrester frå middagen dagen før, særleg frå ein tradisjonell søndagssteik. Namnet kjem av boblinga og lydane som kjem når ein steiker blandinga.

mini|portrett=1.5|Oppskrift av Maria Rundell frå 1806. høgre|mini|Bubble and squeak (lengst til venstre) i ein engelsk frukost.

Dei viktigaste ingrediensane er potet og kål, men ein brukar òg gulrot, urter, rosenkål og andre grønsaker. Retten blir tradisjonelt servert saman med kald steik og sylta grønsaker. Tidlegare var det vanleg å ha kjøttet i blandinga, men det er blitt vanlegare å laga vegetarisk bubble and squeak og ha kjøtet ved sida av. Retten kan òg brukast som ein del av ein tradisjonell engelsk frukost.

Den eldste kjende bruken av namnet ifølgje Oxford English Dictionary var i 1762. The St James's Chronicle omtalte rettane ved ein bankett, og ein av desse var «»"Bill of Fare of a West-India Dinner", The St James's Chronicle, 16–18. september 1762, s. 1

Andre tydingar Bubble and squeak er òg cockney-rimslang for Greek (‘grekar’) og tidlegare for beak (magistrate, eller dommar).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bubble and squeak» frå , den 10. juli 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelsk mat Kategori:Britisk mat Kategori:Engelske ord og uttrykk