Brandval Idrettslag er eit norsk idrettslag heimehøyrande i bygdelaget Brandval i Kongsvinger kommune, stifta 26. september 1940. Idrettslaget er aktivt i fotball, handball, langrenn og sykling. Laga spelar i blå drakter.
Kvinnelaget til Brandval IL vann kongepokalen i 1969 og 1972. I 1970 vart laget seriemeister, seinare i 1970-åra enda Brandval fem sesongar på andreplass i serien, alltid bakom IL Vestar. Sigrid Halvorsen, Lille Storberg og Tone Kluge var spelarar som utmerka seg i denne perioden. Etter nedrykket frå 1. divisjon i 1983 makta ikkje Brandval å kome tilbake i toppen av norsk kvinnehandball.
Opphavleg hadde Brandval IL ei friidrettsgruppe. Sverre Strandli, europameister i sleggjekasting i 1950, var medlem i Brandval IL til 1951. Han sikra idrettslaget fire NM-gull.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brandval IL» frå , den 17. september 2026.
Kategori:Idrettslag i Kongsvinger Kategori:Idrettslag i Innlandet Kategori:Skipingar i 1940