Arthur Godfrey Kilner Brown () var ein britisk friidrettsutøvar, fødd i Bankura i dagens India, mangeårig skuleleiar i Worcester. Han vart i 1936 olympisk meister med Storbritannia i 4 × 400 m stafett og i 1938 europameister på 400 meter.
Liv Brown utdanna seg i England. I 1936 sigra han ved den opne britiske meisterskapen på 440 yards. Under dei olympiske sommarleikane i Berlin fekk han sølvmedaljen på 400 meter, to tidels sekund bakom Archie Williams frå USA. To dagar etter sprang Brown som ankermann Storbritannia i mål til olympisk gull i 4 × 400 metter stafett.
Sommaren 1938 vart Brown britisk meister på 440 yards. I byrjinga av september vann han 400 meter ved EM i friidrett 1938, i tillegg fekk han med seg ein sølvmedalje i 4 × 400 m stafett og ein ein bronse i 4 × 100 m stafett.
I 1939 vann han 880 yards ved den britiske meisterskapen. Same året vart han, grunna svakt syn, ikkje mobilisert i hæren.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Godfrey Brown (athlete)» frå , den 10. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia