Claudia Testoni () var ein italiensk friidrettsutøvar frå Bologna som i 1938 vart europameister på 80 meter hekk.
Aktiv Testoni tevla i sprint, lengdehopp og hekkeløp. Under dei olympiske leikane i Berlin i 1936 kom ho på fjerdeplass på 80 meter hekk. Ho fekk same tid, 11,7 sekund, som dei tre medaljevinnarane, best av alle vart Testoni si lagvenninne frå Bologna, Ondina Valla. I 4 x 100 m stafett enda Testoni og Italia på fjerdeplassen. Lengdehopp stod ikkje på programmet for kvinner.
I 1938 sette Testoni verdsrekord med 11,6 sekund på 80 meter hekk ved europameisterskapen i Wien, tyske Lisa Gelius kom eitt tidels sekund bak på sølvplass.
23. juli 1939 i tyske Garmisch-Partenkirchen forbetra Testoni verdsrekorden på 80 meter hekk. Tida 11,3 sekund gjaldt som rekord til Fanny Blankers-Koen frå Nederland sletta den i 1942.
Testoni representerte i åra frå 1931 til 1940 i 17 landskampar for Italia. Ho la opp i 1941.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Claudia Testoni» frå , den 9. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Italienske sprintarar Kategori:Italienske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Folk frå Bologna Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936