Fjellhammer Idrettslag er eit norsk idrettslag heimehøyrande i bydelen Fjellhamar i Lørenskog kommune, stifta 22. oktober 1931. Laget er i dag ein rein handballklubb som spelar heimekampane i Fjellhammer Arena. Fjellhammer-laga spelar i grøne drakter.

Seniorlaga for både kar og kvinne har dei siste femti åra delteke i toppserien i fleire titals sesongar, men oftare spelt på nivå 2. Karane spelar i 2026 i eliteserien, medan kvinnene sist rykte ned frå eliteserien i 2008.

Karane i Fjellhammer sikra seg konepokalen i noregsmeisterskapen 1977, 1978/79 og 1981. Beste serieplassering er andreplassen i 1983/84-sesongen. Sten Osther, Geir Haugstveit, Kåre Ohrvik, Kent Robin Tønnesen, Camilla Carstens, Tine Kristiansen og Stine Oftedal er spelarar med fortid i Fjellhammer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fjellhammer Idrettslag» frå , den 17. september 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Idrettslag i Akershus Kategori:Idrettslag i Lørenskog Kategori:Skipingar i 1931